NextRaise Logo
NextRaise
JobsDiscover rolesJob TrackerTrack applied positionsMy ResumesBuild & optimize resumes
Tools
Job Match AnalyzerPaste JD, get fit scoreATS ScoreScan for ATS issues
Chrome Extension
ResumesJobsProfile
Jobs
14 days ago
Visere·14 days ago
14 days ago

Kultursjef - Kinn kommune

Kinn, NorwayInternshipMid · 2-5 years

Sign up free to see how well your resume matches this role.

About this role

Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte leiarar og medarbeidarar. Kommunen sin samfunnsplan gir kultur ei sentral rolle i samfunnsutviklinga og i møte med nye omstillingskrav.

Det er no ledig fast stilling som kultursjef. Dette er ei leiarstilling innanfor eit felt der samfunnsutvikling, tenesteproduksjon, samarbeid med frivilligheita, næringsliv, kulturliv, innbyggjarar og internt i kommunen er det sentrale. Stillinga er organisert under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.

Kulturområdet har i underkant av 30 årsverk, innan følgjande fagavdelingar: kulturskulen, ungdomsarbeid, bibliotek, kulturhusdrift, og frivilligheit. Fagområda er organisert med kvar sin avdelingsleiar/rektor. I tillegg kjem stabsarbeid/sakshandsaming/idrett.

Det er bestemt at kulturskulen og kulturtenesta skal slås saman til ei teneste, leia av ein kultursjef. Den vedtekne samanslåinga av kulturtenesta og kulturskulen er meint å gje ei meir samordna og kraftfull satsing på kultur i kommunen. Samtidig skal ny organisering ivareta kulturskulen sitt mandat gjennom opplæringslova og kulturlova. Ny kultursjef vil få ansvaret for å sette i verk denne samanslåinga.

Du kan velje kontorstad; Måløy eller Florø. Arbeidsstad er i heile vår flotte kommune. Uansett må du vere innstilt på å tilpasse arbeidskvardagen din, slik at du er der det er behov for dialog med innbyggarar/næringsliv/kulturliv og utøving av leiing. Som kultursjef vil du ha stort handlingsrom til å sette dagsorden for kulturområdet innanfor dei økonomiske og organisatoriske rammene for området.

Om stillingen

Arbeidsoppgåver

  • Leie kulturområdet med ansvar for følgjande fagområde/avdelingsleiarar: kulturskulen, bibliotek, kulturhusa, ungdomsarbeid og frivilligheit.

  • Sette dagsorden for den faglege utviklinga og drift innanfor tenesta sine felt.

  • Dialog og samarbeid med frivillige organisasjonar og profesjonelt kulturliv vil vere heilt sentralt.

  • Sette kultur på dagsorden i møte med omstillingskrav og utviklinga av samfunnet som heilskap.

  • Forvaltning av søknadsordningar.

  • Fullføre samanslåingsprosessen mellom kulturtenesta og kulturskulen.

  • Personalleiing.

  • Økonomistyring.

  • Deltaking i leiarnettverk både internt i kommunen og i regionale nettverk innan fagområda.

Kvalifikasjonar

  • Kulturfagleg høgare utdanning frå høgskule/universitet.

  • Erfaring frå offentleg forvaltning, eller annan relevant erfaring.

  • Erfaring frå utviklingsarbeid.

  • Leiarerfaring.

Personlege eigenskapar

Du må

  • vere genuint opptatt av samfunnsutvikling

  • vere opptatt av og innstilt på å arbeide med utvikling og omstilling innanfor tenesta for å tilpasse aktiviteten til endra føresetnadar

  • vere kommunen sitt «ansikt utad» innanfor fagområdet, og det er viktig at du forstår og er bevisst denne rolla

  • som leiar legge til rette for at dine medarbeidarar får rom for utvikling og plass i det offentlege rom

  • vere serviceinnstilt og ha positiv haldning til både publikum og kollegaer

  • ha evne og vilje til å tileigne deg og dele ny kompetanse

  • vere samarbeidsorientert og ha god evne til å bygge relasjonar internt og eksternt

  • trivast med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press

Vi tilbyr

  • å vere ein arbeidsgjevar som ynskjer å leggje til rette for samfunnsutvikling

  • eit godt etablert leiarnettverk med «låg terskel» mellom ulike avdelingar og fagfelt i kommunen

  • godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer

  • fleksibel arbeidstid

  • løn etter avtale

  • tilsetting på kommunale vilkår

  • medlemskap i offentleg pensjonsordning i KLP

Lyst til å ta ein prat om stillinga?

Ta gjerne kontakt med oss:

Jorunn Skrede Klakegg - 982 40 361 / jorunn@visere.no
Daniel Klakegg Dvergsdal - 904 79 470 / daniel@visere.no

H1B sponsor likely
AI tools
Apply faster with autofillThe NextRaise extension autofills your application in one click.Get the extension